Hausten 2022 startar Kvam vidaregåande skule utdanningstilbod på vg2 innan transport og logistikk. Utdanningstilbodet er eit samarbeid mellom Kvam vidaregåande, lokalt næringsliv og lokalt opplæringskontor. Opplæringa vert gjeven etter ein modell der elevane frå haustferien og ut året er tre dagar på skulen og to dagar utplassert i bedrift. Fram til haustferien vert all opplæring gjeven på skulen.
Ещё видео!