Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har gleda av å invitera alle nye og pågåande Erasmus+ Strategiske Partnarskap og Samarbeidspartnarskapsprosjekt til oppstarts– og erfaringsseminar 2021. Seminaret handlar om samarbeidspartnarskap i barnehage, skule, høgare utdanning, fag- og yrkesopplæring, og vaksne si læring.
Webinara tek føre seg det praktiske knytt til det å driva eit prosjekt, som til dømes økonomi, rapportering og kva plikter som ligg i kontrakten. Vi tilbyr også webinar om inkludering – og korleis ein kan jobbe effektivt med spreiing av resultat i prosjekta.
Ещё видео!